
Omvendt undervisning
Tett oppfølging gjev best læring, hevdar forskarane. Sjå korleis skular bruker enkle videoar for å førebu elevane. Målet er klassesituasjonar med tid til oppfølging av meir motiverte elevar.
Kva er omvendt undervisning?
To amerikanske kjemilærarar, Jonathan Bergmann og Aaron Sams, brukte mykje tid på å undervise allereie gjennomgåtte tema om att for elevar som hadde vore borte frå skulen. Dette var ressurskrevjande og frustrerande. Dei løyste til slutt problemet ved å ta opp undervisninga på video og publisere han på Internett. Det viste seg at også elevane som hadde delteke i undervisninga, brukte opptaka, blant anna for å forsterke det dei hadde lært i klasserommet.
Omvendt undervisning er ein praksis basert på desse røynslene. I ein enkel video forklarer læraren ulike konsept frå undervisninga som elevane ser heime før dei kjem til timen. Føremålet er blant anna at arbeidet med den reine informasjonstileigninga blir gjort av kvar enkelt elev utan læraren, og på den måten vil spørsmål knytte til informasjonen få tid til å modne, og kan deretter takast opp i fellesskap.
Omvendt undervisning er ofte basert på video, men kan også skje ved hjelp av podcast, e-bøker, nettsamfunn og liknande. Det overordna målet er å la elevane lære meir gjennom ei aktiv tilnærming, og syte for at dei alltid har tilgang til eit breitt utval av ressursar.
Kvifor omvendt undervisning?
Den norske Horizon-rapporten frå 2013 understrekar at elevane gjennom omvendt undervisning kan tilpasse innhaldet frå læraren til sitt eige tempo. Elevane kan til dømes sjå læraren sin video fleire gonger.
Då Bergmann brukte omvendt undervisning, opplevde han at elevane stilte betre spørsmål i klasserommet og tenkte grundigare gjennom innhaldet. Han fekk meir tid til kvar enkelt elev, og kunne i klasserommet fange opp eventuelle feiltolkingar.
Med omvendt undervisning får alle elevane høve til å arbeide seg gjennom utfordringar i klasserommet saman med læraren. Ved hjelp av omvendt undervisning unngår ein at læraren bruker klasseromstida på einvegsformidling. Dette kan takast hand om på førehand, og tida saman i klasserommet kan brukast til den viktige faglege dialogen.
Ein lærar på sjette trinn, Andrea Smith, understrekar at undervisningsmetoden med korte videoar fekk henne til å vere meir merksam og nøye på korleis ho presenterte informasjonen som skulle formidlast til elevane.
Aukande bruk
I Horizon-rapporten blir omvendt undervisning trekt fram som éin av dei digitale strategiane som vil ha innverknad på undervisning og læring i norsk skule dei neste fem åra. Og undervisningsforma er alt teken i bruk på fleire norske skular, blant anna Hundsund, Sandgotna og Sandvika.
Ved Sandvika videregående skole har matematikklærar Anne Cathrine Gotaas brukt omvendt undervisning sidan 2007. Røynslene hennar er stort sett gode.
– Det er fyrst og fremst dei grunnleggjande tinga eg går gjennom i videoane, og det gjev meg tid til å gjere oppgåver i klasserommet.
Det fungerer bra. På vanskelegare stoff er eg litt meir forsiktig med videoane. Eg må vite at dei har forstått det som er presentert der, elles har det ingen verdi, seier Gotaas.
Ho legg til at ho ofte finn videoar på nettet for dei elevane som ligg lengst framme.
Omvendt undervisning som supplement
Mange lærarar som bruker omvendt undervisning, understrekar at det ikkje er videoane i seg sjølve som utgjer forskjellen i læringa, men korleis dei blir integrerte i undervisninga. Føremålet er ikkje å erstatte læraren, men å skape betre tid til dømes til dialog og oppgåveløysing i klasserommet ved å flytte enkel kunnskapstileigning til førebuingane.
Lite forsking, men lyse framtidsutsikter
Førebels ligg det føre det lite forsking på faktiske resultat av omvendt undervisning, men enkelte data tyder på positive konsekvensar.
Ei amerikansk undersøking der 453 lærarar deltok, viser at 67 % opplevde betre resultat på prøvar etter å ha brukt omvendt undervisning. 80 % opplevde forbetra haldning til læring hjå elevane, og 99 % av lærarane ville bruke denne undervisningsmetoden igjen. Undersøkinga vart gjeven att av det anerkjente tidsskriftet Educational Leadership.
Ved Clintondale High School i Michigan, USA fall strykprosenten på 9. trinn i matematikk frå 44 % til 13 % etter at dei brukte omvendt undervisning.
Verktøy for omvendt undervisning
Les meir om Screencast-O-Matic (og last ned)
Appen Explain Everything finn du her:
iOS
Android
Windows
Microsoft kom våren 2014 med eit tillegg til PowerPoint som heiter Office Mix, som gjer at du lett kan bruke power-pointar til omvendt undervisning.
Les meir
Tucker, B. (2012). The Flipped Classroom. Education Next.
Goodwin, B. & Miller, K. (2013). Evidence on Flipped Classroomes Is Still Coming In. Educational Leadership.
Elisabeths omvendte undervisning