Om oss
Senter for IKT i utdanninga skal medverke til å realisere og utvikle politikken på IKT-feltet og skal samarbeide med relevante offentlege og private verksemder og i internasjonalt samarbeid.
Senteret skal arbeide for at IKT medverkar til auka kvalitet, styrkt læringsutbytte og betre læringsstrategiar hos elevar, lærlingar og studentar i Norge. Ei viktig oppgåve blir å arbeide for å styrkje digital kompetanse for elevar, lærlingar og studentar uavhengig av deira sosiale bakgrunn og bustad. Eit utgangspunkt vil vere å styrkje arbeidet med innføring og fagleg bruk av IKT i utdanninga ut frå læreplanar og andre styrande dokument, og medverke til at IKT blir ein drivar for pedagogisk innovasjon.
Verksemda skal utvikle og spreie kunnskap basert på forsking om bruk av IKT i utdanninga. Senteret skal mellom anna analysere og vurdere det pedagogiske potensialet som ny teknologi og digitale medium representerer, også med tanke på framtidig potensial. Senteret skal fremme digital dømmekraft i sektoren og følgje opp arbeidet med universell utforming av IKT. Senteret skal fremme utvikling av IKT i utdanninga av lærarar og førskolelærarar, samt andre tilsette i barnehagane.
Senteret skal greie ut om og kvalitetssikre læringsteknologiske løysingar og profesjonelle driftsløysingar for sektoren og sikre utvikling av infrastruktur for IKT i grunnopplæringa. Senteret skal følgje opp arbeidet med ei nasjonal identitetsforvaltning for utdanningssektoren basert på Feide – Felles elektronisk identitet – og delta i arbeidet med identitetsforvaltning i offentleg sektor.
Senteret skal samle og gjere tilgjengeleg informasjon om utdanning og yrke, og gi støtte for val av utdanning og karriere. Den nasjonale utdanningsportalen utdanning.no skal styrkjast for å utvikle innovative tenester. Desse tenestene skal vere i tråd med satsinga til regjeringa på Digitalt førsteval, noko som inneber at tenester i første hand skal vere digitale, og at brukarane aktivt må velje manuelle løysingar som papir eller telefon om dei føretrekk det.

